23.07.2022 (Forsøk på) Midnattsekspressen på Goksøyra

Stasha sykkel ved starten av stien opp til Goksøyra. Alarm 03:30, starta å gå frå parkeringa 04:10. Møtte eit par lokale heltar på kvelden (dei som satte opp hytta på Husmannen), og dei oppfordra til bruk av hytta. Kunne og informere om ei vatnkjelde i nærleiken av innsteget til Midnattsekspressen (vi verifiserte ikkje dette). Vi tok 1 sekk med 4l vatn på deling. Litt stort rack, mykje småcams og små kilar. Trur ein klarar seg med enkeltrack ned til lilla, eit par lilla, og ein del smått. Små kilar hjelper.

Vi gikk til trekanthylla, det tok omlag 3 timar-- og vi dulla ikkje spesielt mykje og gikk jamnt. Fint med ein liten jumar opp dei faste taua til Husmannen, microtraxion er litt for liten for 11mm tau; men det går OK-. Vi gikk løpande frå den første klatrebare plassen inn på terassane. Det er mogleg å skjære til venstre på husmannen slik at ein går rett på terassane-- sikt på den store blokka som vert synleg når du dreiar mot venstre, og ta sikte på terassane frå den. Ein god del safari må du rekne med på denne "snarvegen", så det er mogleg det er like behageleg å gå innom hytta og nedatt i skaret bort til terassane.

Første "taulengde" er 2er-scrambling til botnen av eit tydeleg markert dieder fullt av store blokker. Klatringa opp til 2. standplass var veldig våt og run-out, forvent 8-10m utan sikring. Når vi var der var det veldig vått og slimete. Steinen er heller ikkje spesielt fast, og det er rimelig seriøst: å dette her er fullstendig uaktuelt. Klatringa er forsåvidt rimeleg enkel, men desse taulengdene er veldig utsatt for sig, og dermed frostsprenging. Det er laust.

Du skal sikte på venstrekant av det markerte taket rett over deg, og 3. taulengde går gjennom den åpenbare svakheten i taket. Vi satte stand i diederet til høgre for denne "renna", og måtte dermed traverse venstre gjennom noko skrot for å komme inn på linja igjen. Risset gjennom taket var kanskje rensa ein gong, men no er det fullt av mose og jord. Stemming er trikset, men stemming er ikkje kult på våt stein. Gravde fram eit par sikringar, og dette er og første plassen du får inn ein bombe grønn kamkile. Mogleg å trekke seg gjennom taket på denne. Om du er første person opp etter oss, så satt eg ein blå offset som R ikkje fikk plukka ut. Den sit med andre ord ganske godt.

Etter taket får du meir spicy klatring opp noko blokkete formasjonar, eg tok meg tid til å grave fram ein veldig god gul (2) kamkile, men klatringa var framleis våt og dritt. Du skal ut til høgre og svinge venstre innatt opp under eit stort tak der du får satt ein OK standplass.

Her enda historia vår, vi var tomme for oppdrift. Klokka var 13:30, og vi såg at dette var fåfengt. Tuva og Arve fortsatte, og meldte om våt og trasig klatring på 7-erane, og generelt spicy klatring vidare. Om du vil heim, så satte eg eit fint rapellanker ca 10m klatring til venstre for standplass. Med 60m tau når du ned til nedklyvingsterriorie over trekanthylla.

Returen foregikk utan særleg dramatikk. Ein rapell frå trekanthylla ned på terassane (rapellankeret mitt sit i venstrekant av trekanthylla). Så gikk vi nedatt terassane, rapell frå nokre trær og ned til ca starten av terassetraversen. Så var det berre å ta beina fatt, pluss eit par rapellar ned frå dei fiksa ankera opp Husmannen. Ved bil sånn ca 17.

Skal tilbake, men ikkje før det har tørka-- blir nok ikkje i år.
Eit par bilete med noko skissing.